Påskemåltid på Fjellheim
Return2sender
Denne veka har Fjellheim hatt besøk av Return2sender, ungdomsrørsla innanfor Den Norske Israelsmisjon. Elevane har fått høyre meir om misjon blant jødar og kvifor det er viktig å nå ut til akkurat dette folket. Dei har òg fått høyre litt om Israel sin plass i frelseshistoria, og om den kristne trua sine jødiske røter. I denne samanhengen var det også fint å kunne sjå korleis den kristne påskehøgtida har djupe røter i den jødiske påskefeiringa.
Påskemåltid
Dei fleste elevane på bibelskulen har høyrt påskeevangeliet mange gongar, men har dei smakt det? Måndagskveld duka me opp eit langbord og var klar til påskemåltid på Fjellheim. Her fekk me smaka, lukta, høyra og sjå det som skjedde i påsken. Bitre urter, usyra brød og lam vart symbol på både utvandringa frå Egypt og Jesu lidingshistorie.
Blide elever som alltid